Moderne, velutstyrte hytter

Øvrebø Hytter er bygd etter dei beste Norske tradisjonar med innvendig panel i furu, torvtak og småruta vindauge. Alle hyttene er vinterisolerte.

Furu pregar òg innreiinga. Her er komfortabel salong med Norske møblar, to soverom, spisekrok og kjøkken med komplett utstyr. Bad/dusj/WC er standard.

Sengetøy er inkludert. Lintøy kan leigast. 

Hyttene har peis, farge-TV og eigen møblert terrasse.


Motell med gode kvalitetar

Øvrebø Motell er ein naturleg del av ferieanlegget. Motellet har 6 leilegheiter på 34m2, med plass til 2 personar i kvar. 2 Leilegheiter er på 50m2 og har plass til 4 personar. 

Leilegheitene har kjøkken og dusj/WC. Møblert terrasse


Slarrafenliv, utfordringar og opplevingar!

Jølster ligg midt i Fjord-Norge, med det fiskerike Jølstravatnet som eit naturleg midtpunkt. Vatnet er omkransa av lier og fjell, der skog, elvar og brear inviterar til aktivitetar og friluftsliv for barn og vaksne - sommar og vinter. Ta fri i ditt eige tempo. Slapp av i komfortable hytter eller prøv aktivitetar etter lyst, lynne og dagsform. 

I Jølster tilbyr vi rafting og organiserte breturar. Her er stiar og turløyper med ulik krav til kondisjon, og høve til jakt og fiske. 

Astruptunet, Eikåsgalleriet, Jølstramuseet, Audhild Vikens Vevstove og Bremuseet i Fjærland er populære attraksjonar.


Ein liten smakebit...

På desse sidene kan du få ein liten smakebit av kva du kan sjå og oppleve i Jølster, og korleis du kan bu når du vitjar om du er opptatt av komfort i tradisjonsrike og rolege omgjevnadar.

For svært mange av våre gjester er deira opphald langt ifrå det første, noko som tyder på at dei har satt pris på sitt opphald. Reine og godt vedlikehaldne hytter og motell er av dei tilbakemeldingane vi oftast høyrer.   

Vi håper det du finn er interessant og at vi høyrer frå deg! 


Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt for om du har spørsmål via telefon, telefaks, e-post eller brev. Vi har stor pågang i sesongen så du gjer godt i å være tidleg ute. 

Telefon
FirmaTelefon 57 72 71 26
Telefaks
FirmaFaks 57 72 75 39
Postadresse
FirmaAdresse 6847 Vassenden
Elektronisk post
Generelle opplysningar: roy.stian.farsund@hytteutleige.no